fbpx

Rekordmange produsentar frå Sogn på Bergen Matfestival

Rekordmange produsentar frå Sogn på Bergen Matfestival 2500 1668 Bergen Matfestival

Mat- og drikkeprodusentane frå Sogn reiser i samla flokk på Bergen matfestival og Norsk Siderfestival. Heile 15 produsentar tek turen til “byn”, og med seg har dei eit solid utval av lokalmat og sidrar.

– På Bergen matfestival forventer eg fint vêr, blide folk og høg stemning. Vi skal stå saman med andre mat og drikkeprodusentar frå Sogn, og det ser eg fram til. Vi er jo ein gjeng i gjengen, seier Anne Karine Marstein, som jobbar i Undredal Gardsysteri. Dei har vore på Bergen matfestival fleire gonger, og er førebudde på dagar med fullt trøkk.

Nokre av lokalmatprodusentane er med for fyrste gong. Ein av dei er Bøtun gard, som produsererer økologiske grønsaker, blomar og sjokolade. I tillegg til ferske grønsaker utviklar dei stadig nye produkt av råvarerene frå hagen.

– No er det storstilt produksjon av urteoljer før matfestivalen i Bergen. Vi har sjølvsagt med oss sjokolade med smakar frå hagen, fermenterte grønsaker, forskjellige syltetøy og ferske grønsaker, fortel Mathilde Buch-Larsen frå Bøtun gard i Luster. Dei er nominert til årets Lokalmatgründer i kåringa til Hanen og Meny.

På området Sogn, naturlegvis finn du brun og kvit geitost, økologisk iskrem, ferskbrent kaffi, spekekjøt, pølser og kjøtbollar, honning, pærer og anna frukt. Har du for eksempel smakt frysetørka plommer før? Nykomaren Årethun Foredling reddar overskotsfrukt- og bær, og lagar godteri du kan ete med godt samvit.

Du vil sjølvsagt også finne Haugen gardsmat på Sognarekka. Dei vann prisen for årets festivalrett i fjor, og ryktene seier at dei har gode rettar med seg i år også. Olav Arnar i Vikja har med sin gigantiske wok og hemmelege kjøttbolle-oppskrift.

Lokalmatprodusentane finn du på felt C, rett ved inngangen til festplassen frå Christies gate. Dei fem siderprodusentane finn du i smaksteltet på torgalmenningen, der dei også vil stå i samla flokk.

Delegasjonen vil stå under skilta Sogn, naturlegvis. Mobiliseringa kom i gang gjennom ei vidareføring av arbeidet med mat- og drikkeopplevingar i Sogn, som er initiert av ei samling av næringslivsaktørar, Sogn Næring og Sogndal vidaregåande skule. Prosjektet er støtta av Sparebankstiftinga og næringslivet i Sogn – og du kan lese om fleire av aktivitetane vi driv med her:  Mat- og drikke-ambassadør — SOGN

Vi gler oss til å treffast på Bergen Matfestival!

Desse Sognaprodusentane står på festplassen:

  • Alm gard
  • Lomelde Gard
  • Elvebakken gardsysteri
  • Vikja
  • Haugen Gardsmat
  • Undredal Stølsysteri
  • Bøtun gard
  • Skjerdal stølsysteri
  • Årethun foredling
  • Sognefjorden kaffibrenneri

 

Sogn frukt- og siderlaug står i smaksteltet:

  • Amble gård
  • Balholm/Ciderhuset
  • Ølmheim siderhage
  • Odelsgut
  • Vestavin

Alle foto er Bård Basberg, Sogn Næring.